Annonser

Skriv utSkriv ut

Norsk Olivinsenter (NOS)


GPS koordinater
Breddegrad: 62.034300086
Lengdegrad: 5.5230545997
Kontakt
Adresse:
6146 Åheim

Telefon90 13 99 41
Faks90 13 99 41
E-postpost@norskolivinsenter.no
Webwww.norskolivinsenter.no


Beskrivelse
Norsk Olivinsenter har lokalar på Thue gamle skule på Åheim. NOS er samlokallisert med Gullsmed Bjørnar Ekremsæter. Du kan sjølv
plukke eigne edelsteinar på Peridotplassen om lag 6 km frå Åheim sentrum. I grusen kan du finne flotte eksemplar av peridot,
granatperidotite og eklogitt.

På Åheim kan du prøve lukka som skattegravar, og sjå om du klarer å finne dei vakre steinane som skjuler seg under grusen i Sundalen. Dette området har ein av verdas største forekomstar av mineralet olivin, som i likskap med frukta har ein karakteristisk grønfarge.

Området er også rikt på andre mineralar, og spesielt granatperidotitten ved Helgehornsvatnet har lenge fascinert geologar, som har funne viktige spor etter den tidlige utviklinga av jordskorpa her.

Å grave etter edelstein er spennande, mer krev litt tålmod... Har du lukka med deg, vil du finne ein stor og skikkeleg flott peridot. På skattejakt i Sundalen kan du også finne eklogittar. Dette er fine, raud- og grønspraglete steinar som vert danna særs djupt nede i jordskorpa, og er uvanleg tunge. Ta med deg nistepakke og ein porsjon flaks i sekken, og prøv lukka på skattejakt i Sundalen - her skjuler det seg mange flotte smykkesteinar for den som er flink til å grave!

Åheim og Vanylven si lokalhistorie her er sterkt prega av gruvedrifta på olivin i fleire generasjonar. Selskapet A/S Olivin vart stifta av den Norske Stat i 1948. Senteret vil ha ulike temautstillingar som omhandlar historie, framtidas produkt og myter rundt mineralet olivin og kringliggande bergartar
som for eksempel eklogitt og granatperidotit. Olivinsenteret vil også vere ein base for guida turar i nærmiljøet med fokus på
mineralførekomstar. Norsk olivinsenter er lokalisert ved Valborgsamlinga på Thue gamle skule og opnar sommaren 2011.

Edelsteinen peridot er ein smykkestein allereie kjent frå antikken. Peridot frå Åheim er verdskjent for sin intense grønfarge, og reinheit. Alle dei største mineralmusea i inn- og utland har peridot
frå Åheim i sine samlingar. Dei mest kjende fasettslipte peridotane i verda, er på over 200 karat og er innprega i gull i ”The Shrine of the Magi” i Tyskland (Køln).

Kontaktinformasjon

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
Skateflukaia
N-6002 Ålesund
Tel.: 70 15 76 00 • info@visitalesund.com

Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen
N-6216 Geiranger
Tel.: 70 26 30 99
info@visitgeirangerfjord.com