Tafjord Friluftsbad ligg idyllisk plassert ved fjorden og tilbyr oppvarma symjebasseng, 25 meter x12 meter med djupne på mellom 0,9-1,85 meter. Vasstemperaturen held mellom 24-28 grader Celsius. I tillegg finst eige plaskebasseng, 8 x 8 meter, med djupne på mellom 0,3-0,5 meter for mindre ungar, samt vassklier, leikeapparat og garderober med dusj.