IVAR AASEN-TUNET gir deg gode opplevingar og undrande ettertankar om språk, litteratur og arkitektur. Hovudbygningen frå 2000 er teikna av meisterarkitekten Sverre Fehn og heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg. Tida går fort i utstillingane som er til å sjå og ta på. Kvar dag fortel vi noko nytt om all verdas språk og språk i Noreg. DEI NYNORSKE FESTSPELA siste helga i juni er det årlege høgdepunktet i kulturprogrammet i tunet. IVAR AASEN (1813-96) var språkforskaren og diktaren som endra norsk historie. Han bygde det nynorske skriftspråket på levande dialektar frå heile landet, og skapte nokre av dei mest folkekjære songane. KAFEEN byd på smakfull mat og ferske aviser frå mange stader i landet. BUTIKKEN rommar hundrevis av varer og gåveartiklar i mange prisklassar. Mykje av dette finn du berre hos oss. OMVISINGAR i sommarsesongen kvar heile time, elles etter behov. Borna får bli med tunkatten Lurivar på spesialomvising kvar tysdag og fredag i sommarsesongen.