Ivar Aasen-tunet ligg på garden der Ivar Aasen (1813-1896) vart fødd og voks opp. Tunet er eit museum for Aasens liv og verk, og nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for den nynorske skriftkulturen.
Nybygget i Ivar Aasen-tunet opna i 2000, og er teikna av Sverre Fehn, ein av dei fremste arkitektane i Noreg. Inne i museet finn du utstillingar om Ivar Aasen, språk og litteratur, med nye innslag kvar dag. Her kan du også sjå den interessante dokumentarfilmen på 20 minutt om Ivar Aasen, og prøve det fascinerande "Dialektspelet".
Museet har bibliotek og arkiv med kring 30.000 bøker og skrifter, kafé og butikk. Bygget er òg eit spanande reisemål i seg sjølv.
På tunet ligg det til saman fem bygningar frå tre hundreår, og eit uteamfi som har vore stemneplass sidan 1880-åra. Gamlemuseet frå 1898 er det eldste personmuseet i landet, og er eit flott utgangspunkt for lette fotturar på merka skogsstiar.
Kvart år blir "Dei Nynorske Festspela" arrangert her siste veka i juni; ei feiring av den nynorske skriftkulturen med nære opplevingar til litteratur, musikk og biletkunst.