Hellesylt Bygdetun omfattar det vesle gardsbruket Holen med bygningar og lausøyre som vart overdrege vederlagsfritt frå tre eldre søsken til Stranda kommune i 1992. Dette er i dag eit kulturmuseum som ligg like forbi vegen til Ringdal.
Bygdetunet har ei unik samling gamle bruksting. Over 600 små og store gjenstander er registrert, frå fyrstikkøskjer til hushaldsredskap. Hellesylt Bygdetun er ope for omvising i tida april – oktober etter avtale. Gratis entré.