Inst i Hjørundfjorden i kulturbygda Bjørke, ligg det freda Bakketunet med sine seks ærverdige bygningar der tømmeret i dei eldste husa er datert attende til 1549.
Dette er difor det eldste heilskapelege gardstunet på Sunnmøre med, etter seiande, den eldste grindløda i landet. Med dei historiske bygningane kan du kanskje kjenne deg sett attende til middel-alderen der stova, løda, stabburet, kufjøsen, smalefjøsen og stall hadde sine ulike funksjonar i eit fullverdig gardstun. I over 400 år har desse bygningane husa menneske og buskap i samspel for livet og komande slekter.
Etter fleire år med restaureringsarbeid opna eigarane tunet for besøkande sommaren 2010. I tunet kan du oppleve kunstutstillingar integrert i tunet sitt miljø. Kvart år presenterer tunet nye hovudutstilling med utøvande kunstnarar, og kvar søndag er det på plass ein ny og spanande "kammersutstillar" som viser unike kunst- og handverksprodukt.
For den hageinteresserte har tunet ein rik flora med blomar frå oldemor sin hage. For borna er det lagt opp til oppdagingsferder og inspirerande maleaktivitetar.
I stovebygningen, som inneheld to røykstover, kjøkken og kammers, er det kafé med sal av tradisjonell kaffimat. På tunet ligg den nyoppussa "Kunstnarbustaden", eit sjarmerande innreidd hus frå 50 - talet som rommar mykje nostalgi.
Det er høve for gruppeomvisningar og skreddarsydde opplegg for grupper.
Tunet ligg i natursjønne omgjevnadar omkrinsa av høge fjell og tindar som og er fine turmål.