Geirangerfjorden er kjent som sjølve juvelen blant dei norske fjordane. Med si karakteristiske S-form, høge fossfall og fråflytta fjellgardar er fjordlandskapet innlemma på UNESCO si verdsarvliste. Området rundt Geirangerfjorden byr på vakre natur- og kulturopplevingar, året rundt! Velkomen!

Foto: Terje Rakke/Nordic Life/DGT
Destinasjonsområdet Geirangerfjord består av to kommunar, Norddal og Stranda. Begge ligg i indre del av Sunnmøre, som er eitt av tre fogderi i fylket Møre og Romsdal. Destinasjonen byr på noko av det fremste norsk reiseliv har å tilby. I tillegg til ikonet Geirangerfjorden, finn ein her delar av nasjonalparken Reinheimen, den Nasjonale Turistvegen frå Geiranger til Trollstigen og sjølvsagt verdsarvområdet i og rundt Geirangerfjorden. Destinasjonen ligg i kort avstand frå Jugendstilbyen Ålesund og attraksjonar som Briksdalsbreen i Stryn & Nordfjord og stavkyrkja i Lom. Byane Molde og Kristiansund er heller ikkje langt unna, med dei majestetiske fjella i Romsdalen og vakre Atlanterhavsvegen som naturlege stader å besøke.
Vi har laga ei Topp 10-liste over dei fremste opplevingane i området - utan å ha rangert dei på noko vis. Lista er heller ikkje uttømande - her er endå mykje meir å oppleve!
1. Geirangerfjorden - sightseeing
2. Herdalssetra - ein del av verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap
3. Dei verdskjende utsiktspunkta i Geiranger - Dalsnibba (1500 m.o.h.), Flydalsjuvet og Ørnesvingen.
4. Den Nasjonale Turistvegen frå Geiranger til Trollstigen.
5. Lokal mat
6. Vandring og fjellturar i verdsarvnatur
7. Utandørsaktivitetar - kajakk, rafting, klatring, sykling, etc.
8. Kultur og historie - fjordgardane
9. Vår og haust i Geirangerfjord - store kontrastar
10. Vinteren i Geirangerfjord - Strandafjellet Skisenter og Sunnmørsalpane
Velkomen til Geirangerfjord!