Annonser

Høydepunkter i Geiranger
Hotel Union

Hotel Union Geiranger

Hotel Union er eit familiedrevet hotell som ligg på ei høgde rett ovanfor sentrum av turistbygda Geiranger, og har ein fantastisk...

Ekte opplevingar i Geirangerfjord

Geirangerfjorden er kjent som sjølve juvelen blant dei norske fjordane. Med si karakteristiske S-form, høge fossfall og fråflytta fjellgardar er fjordlandskapet innlemma på UNESCO si verdsarvliste. Her finn du ekte og vakre natur- og kulturopplevingar, året rundt!

Geiranger sett frå terrassen på Hotel Union
Geiranger sett frå terrassen på Hotel Union
Foto: Terje Rakke/Nordic Life/DGT

Destinasjonsområdet Geirangerfjord består av to kommunar, Norddal og Stranda. Begge ligg i indre del av Sunnmøre, som er eitt av tre fogderi i fylket Møre og Romsdal. Destinasjonen byr på noko av det fremste norsk reiseliv har å tilby. I tillegg til ikonet Geirangerfjorden, finn ein her delar av nasjonalparken Reinheimen, den Nasjonale Turistvegen frå Geiranger til Trollstigen og sjølvsagt verdsarvområdet i og rundt Geirangerfjorden. Destinasjonen ligg i kort avstand frå Jugendstilbyen Ålesund og attraksjonar som Briksdalsbreen i Stryn & Nordfjord og stavkyrkja i Lom. Byane Molde og Kristiansund er heller ikkje langt unna, med dei majestetiske fjella i Romsdalen og vakre Atlanterhavsvegen som naturlege stader å besøke.

Sist oppdatert   28.04.2010   Av   RonnyB
Topp 10 - vår og haust

Vår og haust i Geirangerfjord - vakre kontrastar

Opplev Geiranger og omegn utanom hovudsesongen. Medan sommaren er hektisk og sjarmerande på sitt vis, er også dei andre årstidene flotte inne i fjordane. Her er mindre folk - og med kanskje endå flottere naturopplevingar enn om sommaren. Du vil aldri gløyme ein vakker vårdag under Dei Sju Systre - det er rett og slett magisk.

Topp 10 - vinter og ski

Strandafjellet og Sunnmørsalpane - for skientusiasten

Om vinteren tilbyr Geirangerfjord-området fantastiske mulegheiter for skientusiasten! Toppturar i Sunnmørsalpane tar deg frå 1500 meters høgde rett ned til fjorden – ei oppleving som set evige spor! Likar du preparerte bakkar er det snøsikre pudderparadiset Strandafjellet eit topp alternativ, nyleg modernisert med stolheis og paviljong på toppen!


Topp 10 - Outdoor

Geirangerfjord - aktive naturopplevingar

Lyst på litt action? Prøv ein kajakktur på fjorden – det er kajakkutleige i fleire av dei mange bygdene i området. Frå Geiranger er det i sommarhalvåret guida kajakkturar dagleg kl. 11. Eller kva med å prøve rafting i Valldalen – for dei tøffe, men også turar tilpassa familiar!

Topp 10 - Fjordgardane

Fjordgardane - levande kulturhistorie

Folk har levd langs fjordar og mellom fjell i tusener av år. I barsk natur og med krevjande klima har dei funne seg ein leveveg, basert på fiske og jordbruk. Eitt av dei tydelegaste teikna på gamal kulturhistorie er dei mange forlatte gardane langs Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. Ein tur til ein av dei blir eit høgdepunkt på reisa.


Topp 10 - Vandring og fjellturar

Vandring og fjellturar i verdsarvnatur

Vandring og fjellturar i norsk natur er noko dei fleste nordmenn set pris på. Stadig fleire utanlandske gjestar oppdagar også gleda ved å kome tettare på naturen vår. I fjord- og fjell-landskapet rundt Geirangerfjorden ligg alt til rette for gode turopplevingar!

Topp 10 - Nasjonal Turistveg

Nasjonal Turistveg: The Golden Route

Den Nasjonale Turistvegen frå Geiranger til Trollstigen, også kjent som "The Golden Route", er truleg den råaste vegstrekninga i Norge! Ingeniørkunsten i dei spektakulære fjellvegane, pittoreske og sjarmerande bygder, slåande vakker natur, lokal mat langs vegen – og med tilrettelagte stopp-punkt i regi av Nasjonal Turistveg. Dette er noko alle bør oppleve!


Topp 10 - Lokal mat

Lokal mat - med smaken av norsk natur

I Geirangerfjord-området blir det produsert store mengder mat – såvel industrielt som småskala gardsmat. I restaurantane og kafeane kan du kjøpe lokal mat av topp kvalitet, og på fleire av gardane kan ein kjøpe produkt som bær, frukt, saft, sylte, ost, kjekjøt, mør, pølser, etc. Få med deg smaken av ekte, norsk natur!

Topp 10 - Utsiktspunkta

Utsiktspunkt som tar pusten frå deg

Dei verdskjende utsiktspunkta i Geiranger med omland må opplevast. Frå litt høgde får ein fantastisk utsikt over verdsarvområdet, med djupe fjordar og høge fjell. Det er vanskeleg å ikkje bli bergtatt av synet!


Topp 10 - Opplev Geirangerfjorden

Sightseeing på Geirangerfjorden - tett på natur, fossefall og fråflytta gardar

Den beste måten å oppleve Geirangerfjorden på er sjølvsagt sjøvegen! Sjå dei forlatte fjordgardane og høyr den fascinerande historia om dei som budde der "ingen skulle tru at nokon kunne bu". Kom tett på fossane Dei Sju Systre, Friaren og Brudesløret. Dette er naturen på sitt villaste og vakraste!

Topp 10 - Herdalssetra

Herdalssetra - ein del av Verdsarven

Herdalssetra, som ligg i Norddalen ca 30 minutt frå Geiranger, er ein del av verdsarvområdet. Her lagar dei gardsprodukt som geitost og geitemjølkskaramellar. Her er frittgåande kyr, geiter og sauar, og det er muleg å overnatte i fleire av dei gamle sela.



Destinasjon Ålesund & Sunnmøre • Skateflukaia • N-6002 Ålesund • Tel.: 70 15 76 00 • info@visitalesund.com
Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen AS • N-6216 Geiranger • Tel.: 70 26 30 99 • info@visitgeirangerfjord.com