Folk har levd langs fjordar og mellom fjell i tusener av år. I barsk natur og med krevjande klima har dei funne seg ein leveveg, basert på fiske og jordbruk. Eitt av dei tydelegaste teikna på gamal kulturhistorie er dei mange forlatte gardane langs Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. Ein tur til ein av dei blir eit høgdepunkt på reisa.
Dei gamle fjordgardane er eitt av dei fremste kulturminna vi har, der dei ligg på bortgøymde plassar nede ved fjorden eller høgt oppe på ei fjellhylle. Gardar som Skageflå, Blomberg, Oaldsbygda og Knivsflå fortel om ei svunna tid, der ein jordlapp, nokre geiter og kanskje ei ku var nok til å overleve. Forholda var tøffe, men samstundes var livet her høvesvis godt.
Du kan lære om fjordgardane ved å besøke dei. Dei fleste er lett tilgjengelege ved hjelp av båt (enten leigebåt eller med sightseeing frå Geiranger) og eit par gode bein. På Norsk Fjordsenter i Geiranger kan du lære meir om korleis fjordane vart forma og korleis fjordfolket levde. Fjordsenteret er ein del av Verdsarvorganisasjonen i Geiranger, og har utstillingar som også femnar geologi, fauna og dyreliv.
Storfjordens Venner har stått for eit uvurderleg arbeid med å ta vare på den kulturarven fjordgardane representerer. Mange av dei stod i fare for å bli øydelagde av tidas tann, men utrøytteleg innsats av mange frivillege hender har berga gardane for ettertida.