Den beste måten å oppleve Geirangerfjorden på er sjølvsagt sjøvegen! Sjå dei forlatte fjordgardane og høyr den fascinerande historia om dei som budde der "ingen skulle tru at nokon kunne bu". Kom tett på fossane Dei Sju Systre, Friaren og Brudesløret. Dette er naturen på sitt villaste og vakraste!

Sightseeing på Geirangerfjorden tar deg tett inn til dei berømte fossefalla.
Foto: Terje Rakke/Nordic Life/DGT
Der er fleire måtar å oppleve Geirangerfjorden på - her finn du ut kva som passar deg best!
Mange tar sightseeingbåten M/S Geirangerfjord, som har avgangar i perioden mai-september. Båten går frå Geiranger hamn, rett ved turistinformasjonen. Turen tar deg ut heile den 15 kilometer lange fjorden, der Geirangerfjorden møter Sunnylvsfjorden. I løpet av halvannan time får du guiding på fleire språk. Det er også muleg med avstigning ved fleire av fjordgardane, som t.d. Skageflå.
Ferjene som trafikkerer Geiranger-Valldal og Geiranger-Hellesylt er også populære blant dei som vil oppleve fjorden. Ferjene går i ordinær rutetrafikk, med bilar og passasjerar, men er tilpassa reiselivet med gode utsiktsdekk og -salongar. Også her er det guiding på fleire språk. Eit tredje alternativ er med hurtiggåande RIB’ar, Geirangerfjord Safari, som verkeleg tar deg tett på elementa. Desse båtane går heilt inn til fossane og gjer fleire stopp undervegs, slik at du får oppleve dei mest kjente attraksjonane på nært hald. Geirangerfjord Safari går dagleg i perioden juni - august, og held til ved marinaen i Geiranger. Turen tar 1,5 time.
Om du ynskjer å ta deg fram for eiga kraft, er kajakk ideelt! Tenk deg å gli stille utover fjorden, med verdsarvnaturen som magisk kulisse. Dagleg klokka 11 er det avgang for guida kajakktur med Coastal Odyssey, som held til ved Geiranger Camping. Turane tar ca 5 timar, inkludert basis opplæring / innføring for dei som treng det.