Den Nasjonale Turistvegen frå Geiranger til Trollstigen, også kjent som "The Golden Route", er truleg den råaste vegstrekninga i Norge! Ingeniørkunsten i dei spektakulære fjellvegane, pittoreske og sjarmerande bygder, slåande vakker natur, lokal mat langs vegen – og med tilrettelagte stopp-punkt i regi av Nasjonal Turistveg. Dette er noko alle bør oppleve!

Foto: C H/Innovation Norge
Nasjonale Turistvegar er namnet ein brukar på 18 utvalde vegstrekningar i Norge, som tar deg gjennom det ypperste av norsk natur. Geiranger - Trollstigen, "the Golden Route", er ein av dei utvalde - og truleg er dette den mest spektakulære av turistvegane. Her kjem store attraksjonar som perler på ei snor - dette er det du kan oppleve på strekninga:
Geirangervegen – Dalsnibba - Flydalsjuvet
Geirangervegen strekkjer
seg frå Skjåk øverst i Ottadalen ned til bygda Geiranger. Det høgste punktet
er 1038 moh, ved Djupvatnet. Her er det også ein avstikker opp til
utsiktspunktet på Dalsnibba, nesten 1500 moh. På veg ned mot bygda
passerer ein den gamle ”trafikkmaskina” Knuten og det kanskje mest
berømte utsiktspunktet i området, Flydalsjuvet.
Geirangervegen
stod ferdig i 1889, og 11 år seinare vart vegen tildelt gullmedalje på
verdsutstillinga i Paris. Geirangervegen er vinterstengt, normalt i
perioda november-desember til mai.
Ørnevegen - Ørnesvingen
Vidare på The Golden Route, køyrer ein
Ørnevegen ut av Geiranger. Med sine 11 hårnålssvingar opp til 620 moh,
er dette den einaste heilårsopne vegen til Geiranger. I den siste
svingen, kalt Ørnesvingen, ligg eit anna spektakulært utsiktspunkt.
Herifrå ser ein Dalsnibba, Geiranger, fjorden, fjellgarden Knivsflå og
den vidgjetne fossen Dei Sju Systre.
Gudbrandsjuvet
Ein kort ferjetur frå Eidsdal til Linge tar deg til
bygda Valldal (Sylte). Herifrå er det ca 30 kilometer opp til
Trollstigplatået, i retning Åndalsnes. Halvvegs passerer ein
Gudbrandsjuvet, ei strekning i elva Valldøla som renn vilt gjennom eit
forrevent landskap. Her er det tilrettelagt for stopp – og ei
fantastisk oppleving.
Trollstigen
Den siste etappen bringer ein frå Gudbrandsjuvet til
sjølve Trollstigen. Denne vidgjetne og dramatiske vegen ligg i
Rauma kommune, og er Norges mest kjente veg med sine elleve hårnålssvingar.
Slyngande oppetter steile fjellsider, med fossefall og stabbesteinar,
er det smalt og nervepirrande å køyre her. Men framfor alt fascinerande. Vegen
vitnar om framifrå ingeniør- og byggekunst med enkle
arbeidsreiskaper frå dei harde 1930-åra. Trollstigen trollbitt og skremer
framleis mange, vel 70 år etter opninga i 1936.
Opplev tre Nasjonale Turistvegar
Du kan sjølvsagt køyre "The Golden Route" i
begge retningar – ei stor oppleving er det uansett å ta turen langs
Norges kanskje fremste Nasjonale Turistveg! Ikkje langt unna er også
to andre meget kjente nasjonale turistvegar – Atlanterhavsvegen og
Gamle Strynefjellsveg. Legg du desse til på di ferd gjennom
Nordvestlandet, har du fått med deg uante kontrastar frå høgfjell til
fjord og hav!
The Golden Route med offentleg transport
I perioden 19. juni - 31. august går det buss mellom Åndalsnes og Geiranger. Sjå rutetabell på Fjord1.
Vinterstenging
Geirangervegen og Trollstigen er begge vinterstengde vegar, som plar stenge mellom november-desember og opnar igjen i mai-juni. For info om eksakte tider, sjå Vegvesenet sine sider.