Annonser

Høydepunkter i Geiranger
Hotel Union

Hotel Union Geiranger

Hotel Union er eit familiedrevet hotell som ligg på ei høgde rett ovanfor sentrum av turistbygda Geiranger, og har ein fantastisk...

Vandring og fjellturar i verdsarvnatur

Vandring og fjellturar i norsk natur er noko dei fleste nordmenn set pris på. Stadig fleire utanlandske gjestar oppdagar også gleda ved å kome tettare på naturen vår. I fjord- og fjell-landskapet rundt Geirangerfjorden ligg alt til rette for gode turopplevingar!

Topp 10 - Vandring og fjellturar
Foto: Terje Rakke/Nordic Life/DGT

I heile området er der godt merka stiar, med gode turkart tilgjengeleg og stor variasjon i rutene – frå koselege rusleturar til tøffe toppturar. Eller kanskje frå hytte til hytte i Tafjordfjella for dei som vil ha lengre turar. Overalt kjem du tett på naturen og får opplevingar du aldri vil gløyme!

Her er 6 forslag til uforgløymelege turar:

  1. Skageflå - med båt frå Geiranger ut til Skagehola, gå 250 høgdemeter opp til garden. Strålande utsikt over Geirangerfjorden og Dei Sju Systre. Retur til fots ca 3 timar - eller bli henta av båten. Dette må opplevast!
  2. Den Trondhjemske Postveg - frå Hellesylt/Ljøen til Strandadalen, langs historisk grunn og med fantastisk utstikt over Sunnylvsfjorden, innløpet til Geirangerfjorden og Sunnmørsalpane.
  3. Storsæterfossen i Geiranger - ca ein halv times gange frå Westerås gard. Du kan gå bak fossen og sjå vatnet tordne ned framføre deg - ei vill oppleving!
  4. Kilstivatnet i Eidsdal - vandring langs stiar, rundt det idylliske vatnet og til den gamle sætra ved enden av det. Avstikkarar til fjelltoppar i området er muleg, frå lave til veldig høge.
  5. Laushornet i Geiranger - tøff tur som tar deg til spektakulær utsikt over verdsarvområdet.
  6. Frå hytte til hytte i Tafjordfjella, der Turistforeninga har lagt alt til rette for turglade i alle aldrar.

Illustrative "turkart" som kan lastast ned finn du her for:

God tur!

Sist oppdatert   19.10.2011  
Destinasjon Ålesund & Sunnmøre • Skateflukaia • N-6002 Ålesund • Tel.: 70 15 76 00 • info@visitalesund.com
Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen AS • N-6216 Geiranger • Tel.: 70 26 30 99 • info@visitgeirangerfjord.com