Dei verdskjende utsiktspunkta i Geiranger med omland må opplevast. Frå litt høgde får ein fantastisk utsikt over verdsarvområdet, med djupe fjordar og høge fjell. Det er vanskeleg å ikkje bli bergtatt av synet!

Utsikta frå Flydalsjuvet er kanskje det internasjonalt mest kjende biletet av Norge.
Foto: Terje Rakke/Nordic Life/DGT
Dalsnibba i Geiranger ligg tett på 1500 meter over havet og byr på storslagen utsikt over verdsarvområdet. Frå Geiranger er det 22 kilometer opp, langs den vidgjetne Geirangervegen. På veg oppover passerer ein dessutan "Knuten", også kjent som Norges første trafikkmaskin. Dei siste 5 kilometera er privat bomveg, der ein betaler avgift i det ein tar av ved Djupvasshytta.
På veg frå Dalsnibba til Geiranger passerer ein Flydalsjuvet (sjå det store biletet). Dette er kanskje det mest kjente av alle utsiktspunkta i Geiranger, med det vidgjetne motivet av ein person som står ute på klippa med fjorden under. Sjølve utsiktspunktet er opprusta som ein del av prosjektet Nasjonal Turistveg, med sikring, parkeringsplass og offentleg toalett.
På veg ut av Geiranger i retning Eidsdal, opp den kjende Ørnevegen, passerer ein Ørnesvingen som siste sving. Frå dette tilrettelagte utsiktspunktet ser ein heilt ut til fossen Dei Sju Systre og fjordgarden Knivsflå. Innerst i fjorden ligg Geiranger, med Dalsnibba tronande høgt der oppe.
Eit anna fint utsiktspunkt finn du ved Kilsti/Hesthaug, ein avstikkar frå rv.63 mellom Geiranger og Eidsdal. Her har du god utsikt over Eidsdal, Valldal og Norddalsfjorden.
Gudbrandsjuvet ligg midtvegs mellom Valldalen og Trollstigen. Også dette er eit utsiktspunkt tilrettelagt av Nasjonal Turistveg, forma som ei plattform som strekkjer seg over den ville elva som rasar gjennom juvet under.
Trollstigplatået ligg øverst i Trollstigen. Det nye utsiktspunktet er luftig og gir magesug - men utsikta nedover den vidgjetne vegen er verdt det!
Ljøen ligg mellom Hellesylt og Stranda, og utsiktspunktet gir fantastisk utsyn der Geirangerfjorden strekkjer seg innover som ei arm av Sunnylvsfjorden. Frå Ljøen kan du også gå "Den Trondhjemske Postveg", ei flott vandrerute langs den gamle postruta.
Storhjellen i Liabygda er eit populært fotopunkt, der Storfjorden deler seg og går over i Tafjorden og Sunnylvsfjorden.