Opplev Geiranger og omegn utanom hovudsesongen. Medan sommaren er hektisk og sjarmerande på sitt vis, er også dei andre årstidene flotte inne i fjordane. Her er mindre folk - og med kanskje endå flottere naturopplevingar enn om sommaren. Du vil aldri gløyme ein vakker vårdag under Dei Sju Systre - det er rett og slett magisk.

Foto: Terje Rakke/Nordic Life/DGT
Om våren er fossane på sitt største og mektigaste. Lufta er skarp og lyset gir vakre fargesjatteringar. Trea vaknar til liv og brått er gråe og kalde fjellsider og dalar blitt grøne og fulle av liv. Ei langhelg her i april eller mai gir deg sanselege opplevingar du seint vil gløyme.
Om hausten er fargespelet som kryp ned fjellsidene fascinerande, i det sommarens liv sakte gjer seg klar for mørkare tider. Heile området er eit eldorado for sanking av bær og sopp. Eller kanskje du er ivrig fiskar og vil bruke ettersommaren og hausten til fiske etter laks og ørret? Hausten er også strålande for vandring i fjella, enten du føretrekkjer toppturar eller vil gå frå hytte til hytte i Tafjordfjella.
Også om våren og hausten er der mange aktivitetar og opplevingar tilgjengelege for våre gjestar. Utleige av syklar, kajakkar og båtar gir deg ingen grunn til ein passiv ferie. Galleri og utstillingar er opne, og fjorden kan du oppleve på ymse vis.
Her les du meir om aurefiske
Her les du meir om laksefiske.
Her les du meir om fjellturar.