Om vinteren tilbyr Geirangerfjord-området fantastiske mulegheiter for skientusiasten! Toppturar i Sunnmørsalpane tar deg frå 1500 meters høgde rett ned til fjorden – ei oppleving som set evige spor! Likar du preparerte bakkar er det snøsikre pudderparadiset Strandafjellet eit topp alternativ, nyleg modernisert med stolheis og paviljong på toppen!

Foto: Terje Rakke / Nordic Life
Visste du at Sunnmørsalpane er eitt av Norges mest spektakulære områder for toppturar med ski? Eller at Strandafjellet er eitt av Europas snøsikraste alpinanlegg?
Strandafjellet har blitt kraftig modernisert, med stolheis og paviljong på plass. Nye trasear og også nye stolheiser er under planlegging. Kombinert med alltid mykje snø og perfekte forhold for pudderkøyring er Strandafjellet staden for entusiastane. Strandafjellet Skisenter ligg midt mellom Geiranger og Ålesund.
Sunnmørsalpane er alle dei majestetiske og ville fjella med strålande utsikt over hav og fjordar på Sunnmøre. Her kan du oppleve nye toppar og fantastiske nedfartar med ski i det uendelege! Med eller utan guide, valet er ditt.