Herdalssetra, som ligg i Norddalen ca 30 minutt frå Geiranger, er ein del av verdsarvområdet. Her lagar dei gardsprodukt som geitost og geitemjølkskaramellar. Her er frittgåande kyr, geiter og sauar, og det er muleg å overnatte i fleire av dei gamle sela.

På Herdalssetra får du nærkontakt med geitene og dei andre dyra.
Foto: Per Eide/DGT
Den idylliske Herdalssetra i Norddal har 300 års ubroten setertradisjon, og er - med sine 300 mjølkegeiter - ei av dei største fellessetrane for geit i landet. På setra er det også kyr, sauar og fjordhestar. På Herdalssetra finn ungane eit ekte leikeland med naturlege seteraktivitetar. Setergrenda har eit unikt bygningsmiljø med over 30 gamle seterhus som ligg i klynge. I tillegg mange hustufter etter tidlegare gards- og seterdrift. Inntil byrjinga av 1700-talet var det fast busetnad, og garden si historie går attende til vikingtida.
Gamle tradisjonar blir haldne i hevd med ysting av brun og kvit geitost og produksjon av ekte geitmjølkskaramellar. Her kan du som gjest delta på ei vandring i tid, lukt og smak, der du er innom "den gamle garden". Høyr historia om dei mange gamle hustuftene, gamle sel og fjøs, ysting og smaking av ost, og få informasjon om den "moderne" fellessetra frå 1960. I Kaffistova serverer budeiene tradisjonell setermat om sommarane.
Herdalssetra er ein framifrå stad for friluftsmenneske. I vatnet er det gode forhold for fiske etter aure. Løyve til rypejakt kan ein også få kjøpt her. Meir info om jakt og fiske finn du her.
Frå setra kan du gå turar innover mot Tafjordfjella eller over mot Geiranger. Skildring av rutene finn du på Alesund-Sunnmøre Turistforening sine sider.