Vinje Camping ligg ved Rv 63, 1,5 km øst for Geiranger sentrum. Plassen er idyllisk, og ligg fint i terrenget, med utsikt mot fjord og fjell, naturleg
skjerma mot ver og vind. Vinje Camping har 7 høgstandardhytter med kjøkken, stove m/TV, dusj/WC, og eit eller to soverom. Alle hyttene har hems med madrasser og stor balkong med møblar. Sengetøy til leige.
50 plassar for campingvogner - bilar og telt, fleire av dei med straumuttak, sanitæranlegg med kjøkken, vaskemaskin og tørketrommel. Vinje Camping har leikeplass til dei små, og bål/grill plass under ein steinhellar. Her har du eit flott utgangspunkt for fotturar, fleire turstiar startar på/ved campingplassen. Like ved Vinje Camping finn du Geiranger Fjordsenter - et interaktivt kunnskaps- og opplevelsessenter, og Union Hotel som har alle rettigheiter og serverer frokost og middag for dei som ønskjer det.