Annonser

Skriv utSkriv ut

Ulstein kommune


GPS koordinater
Breddegrad: 62.34416
Lengdegrad: 5.844888
Kontakt
Adresse:
Sjøgt 63
6065 Ulsteinvik

Telefon70 01 75 00
E-postpostmottak@ulstein.kommune.no
Webwww.ulstein.kommune.no


Beskrivelse

 

Ulstein kommune ligg på Hareidslandet, og er ein øykommune som består av mange øyar og holmar. Ulstein kommune har om lag 8400 innbyggarar og er ein pulserande småby med eit rike av kontrastar i pakt med naturen. Gjennom stor byggeaktivitet og utvikling har Ulstein klart å utvikle seg til å bli eit handels- og servicesentrum for regionen Søre Sunnmøre. Ulsteinvik fekk bystatus i 2000.  I 2009 fekk Ulsteinvik statens pris for mest attraktiv stad.

Ulstein er levande og i stadig utvikling. Sentrum har ei ny og vakker og sjønær sentrumsgate med fleire skulpturar. I Ulstein finn du eit mangfald av tilbod innan shopping, kultur samt varierte naturopplevingar i fjell og fjøre. Her er fleire sentrumsnære parker. Til dømes Saunesparken med minigolf, beachvolley, leike-og fotballplass. Store Vikholmen skatepark er også ein av dei nye parkane.

Det dramatiske landskapet i Ulstein er forma av hav og is til eit utprega strandflatelandskap, med langgrunne strender, flate lavlandsbremmar og bratte fjellsider. Med Atlanterhavet i vest utgjer Ulstein ein naturleg innfallsport til fjordane i aust. Lengst ut mot havet ligg Flø, med sine langstrekte steinstrender under stupbratte fjell. Mange varierte turar er å finne for alle naturglade, store som små.

Aktivitetane er mange. Fisking, surfing, klatring/buldring, båtliv og fotografering mm.

Kommunen har stor spennvidde og variasjon innan naturtypar og plante- og dyreartar. Floraen omfattar mellom 600 og 700 ulike plantar, frå dei mest varmekjære til artar som klorar seg fast på værslitte fjelltoppar og strender. Fuglelivet er også variert i Ulstein, med 226 artar, der 123 er påvist hekkande. Eklogitt er ein sentral bergart i Ulstein.

Borgarøya i skjærgarden utanfor Ulstein var ein yrande handelsstad på 1600-talet og vert i dag brukt som naturleg ankringsplass ved segling mellom dei mange øyane og holmane.

Ulstein er eit paradis for den som vil nyte fruktene frå havet - å sitte på Flø og sjå sola smelte samen med havet ein sein sommarkveld er ei utruleg vakker oppleving!

Eit fleirtal festivalar livar kvart år ekstra opp i Ulstein kommune. Smak av Ulstein er ein av desse og har som mål å vere aktive og glade dagar for innbyggarane og tilreisande. Kor, korps, revygrupper, idrettslag og mange fleire står bak eit mangfald av små og store arrangement denne veka i juni.

 

Velkomen!

Relaterte produkter
Copyright © Trond Are Thomassen

Ulstein

Handelstaden Borgarøya

Borgarøya utenfor Ulsteinvik var fra 1600-tallet ein aktiv handelsstad på Sunnmøre. På det meste var heile 17 bygningar på øya involvert i handelen, som avtok utover i 1880-åra. Hovudhuset på øya er fra 1700-tallet, og på det meste var det 17...
Adresse: 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70 01 75 00
E-post: postmottak@ulstein.kommune.no

Copyright © Ulstein kommune

Ulstein

Ulstein kyrkje

Ulstein kyrkje er fra 1848, og ble bygget etter at den originale steinkirken fra 1150 ble totalskadet og revet i 1848. Kirken er bygget i tømmer, og har et vakkert interiør, der noe står igjen fra den opprinnelige kirken.
Adresse: 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70 01 76 80
E-post: ulstein-sokn@ulstein.kommune.no

Copyright © Madeleine P./Ulstein kommune

Ulstein

Ulstein bibliotek


Adresse: Sjøgt 63, 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70 01 02 95
E-post: ulstein.bibliotek@tussa.com

Copyright © Madeleine Pettersson

Ulstein

Ulsteinvik Gjestehamn


Adresse: 6065 Ulsteinvik

Copyright © Quality Hotel Ulstein

Ulstein

Quality Hotel Ulstein Restaurant

Quality Ulstein Hotel ligger ved havnen i den maritimet småbyen Ulsteivik. Hotellet har 91 moderne rom og 2 eksklusive suiter, et topp moderne konferanseanlegg med kapasitet for inntil 460 personer inkludert kommunens kino og kulturhus. Hotellet er...
Adresse: Sjøgata 10, 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70 01 30 00
E-post: q.ulstein@choice.no

Copyright © Flø Feriesenter

Ulstein

Flø Feriesenter A/S

I Ulsteinvik finner du vakre Flø Feriesenter med campingområde og åtte hytter. Her kan du campe i den vakre naturen eller nyte komforten i en av de sjarmerende hyttene. Hyttene har soveplass til fem personer, og er velutstyrte med terrasse mot sjøen.
Adresse: 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70 01 50 80
E-post: flo.feriesenter@tussa.com

Copyright © Madeleine P.

Ulstein

Flø

Flø ligg ut mot havgapet i Ulstein kommune, og har nokre storstilte rullesteinsstrender med fin sand. Området er verhardt og vakkert.  Her kan du surfe, segle, prøve kajakken og du kan bade og fiske. Ved Flø feriesenter er det båtutleige og...
Adresse: 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70 01 75 00
E-post: postmottak@ulstein.kommune.no

Copyright © Madeleine Pettersson/Ulstein kommune

Ulstein

Turistinformasjonen i Ulsteinvik


Adresse: Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70 01 75 00
E-post: postmottak@ulstein.kommune.no

Copyright © Madeleine P./Ulstein kommune

Ulstein

Jakt i Ulstein

Storvilt: Regulert hjortejakt. Enkelte vald har utleige. Ta kontakt med viltnemnda for kontakt til aktuelle vald i god tid før jakta startar. Småvilt: Orrfugl, lirype og fjellrype er saman med hare det viktigaste småviltet i kommunen. Det er også...
Adresse: Sjøgt 63, 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70 01 75 00
E-post: postmottak@ulstein.kommune.no

Copyright © Jimmy Kieffer

Ulstein

Blåtinden

Blåtinden (ved Haddalfjell) på 697 m.o.h. er den høgste toppen på Hareidlandet.  Det er fleire alternative ruter opp til toppen, frå blant anna Haddal og Gjerde, og turen kan gjerne kombinerats med Kongsvollen, 683 m.o.h. Utsikta frå toppen av Blåtinden...
Adresse: Rådhuset, Sjøgt 63, 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70 01 75 00
E-post: postmottak@ulstein.kommune.no

Copyright © Madeleine Pettersson / Ulstein kommune

Ulstein

Osnessanden

Osnessanden er ei stor og fin sandstrand like ved Ulsteinvik sentrum, perfekt for fritidsaktivitetar som soling, bading og grilling. I Eiksund finn du også ei flott strand, og ut mot Flø har vi Roppesanden og stranda ved campingplassen. ...
Adresse: 6065 Ulsteinvik

Copyright © Trond Are Thomassen

Ulstein

Borgarøya Gjestehamn

I skjærgarden utanfor Ulsteinvik ligg den gamle handelsstaden Borgarøya. Hovudhuset på øya er frå 1700-tallet. Her er ei gratis gjestehamn som er open året rundt. WC fasilitetar. Grill.
Adresse: 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70 01 75 00
E-post: postmottak@ulstein.kommune.no

Copyright © Sjøborg Kulturhus & Kino

Ulstein

Sjøborg Kulturhus & Kino

Sjøborg kulturhus vart offisielt opna i juni 2007 og er ein del av sameiget Ulstein kultur og konferansesenter A/S, som er eigd av Ulstein kommune og Ulstein hotell A/S, og er samlokalisert med Quality Ulstein hotell. Kulturkontoret i Ulstein er...
Adresse: Sjøgata 10, 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70 01 75 00
E-post: postmottak@ulstein.kommune.no


Kontaktinformasjon

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
Skateflukaia
N-6002 Ålesund
Tel.: 70 16 34 30 • info@visitalesund.com

Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen
N-6216 Geiranger
Tel.: 70 26 30 99
info@visitgeirangerfjord.com