Ulstein kommune ligger på Hareidslandet, og er ei øykommune som består av mange øyar og holmar. Ulstein kommune har 7300 innbyggjarar. Kommunesenteret er i Ulsteinvik, hvor nær 4000 av kommunen sine innbyggjarar bur. Ulstein fekk i 2000 bystatus, og er ein samlingsstad i kommunen.
Det nye Quality Ulstein Hotel ligg i Ulsteinvik Sentrum, og inneheld hotell, konferanse/kultursal og kinosal. Gjennom stor byggeaktivitet og utvikling har Ulstein klart å utvikle seg til å bli eit handels- og servicesentrum for regionen Søre Sunnmøre.
Det dramatiske landskapet i Ulstein er forma av hav og is til eit utprega strandflatelandskap, med langgrunne strender, flate lavlandsbremmar og bratte fjellsider. Med Atlanterhavet i vest utgjør Ulstein ein naturleg innfallsport til fjordane i aust, og lengst ut mot havet ligg Flø, med sine langstrekte steinstrender under stupbratte fjell.
Kommunen har stor spennvidde og variasjon innan naturtypar og plante- og dyreartar. Floraen omfattar mellom 600 og 700 ulike plantar, frå dei mest varmekjære, til artar som klorar seg fast på værslitte fjelltoppar og strender. Fuglelivet er også variert i Ulstein, med 226 artar, der 123 er påvist hekkande.
Borgarøya i skjærgården utenfor Ulstein var ein yrande handelsstad på 1600-talet.
Ulstein er eit paradis for den som vil nyte gledane frå havet - å sitte på Flø og sjå sola gå ned i havet ein sein sommarkveld er ei utruleg vakker oppleving!
Fotballaget Hødd har blitt fremstilt som "klubben som lagar fotballspelarar av gråstein". Hødd har rekruttert mange spelarar både til landslag og internasjonale toppklubbar.
Dei årlege Ulsteindagane, arrangert av Ulstein kommune og Ulstein Marknadsforum, har som mål å vere aktive og glade dagar for innbyggjarane og tilreisande. Kor, korps, revygrupper, idrettslag og mange fleire står bak eit mangfald av små og store arrangement denne veka i juni.