Annonser

Skriv utSkriv ut

Ørnevegen - Ørnesvingen


GPS koordinater
Breddegrad: 62.126563081
Lengdegrad: 7.1672058105
Kontakt
Adresse:
6216 Geiranger

Telefon70 26 30 99


Beskrivelse

Ørnevegen er namnet på den brattaste vegstrekninga oppgjennom lia frå Geiranger mot Eidsdal på riksveg 63. Her slyngjer vegen seg i 11 hårnålsvingar frå Geirangerfjorden og opptil det høgste punktet på strekninga 620 m.o.h ved Korsmyra.

Vegen vart offisielt opna 15.september 1955 og gav bygda Geiranger heilårs vegsamband. Vegen vart ein attraksjon frå første dag, og fekk namnet Ørnevegen på grunn av at den øvst opp gjekk gjennom eit område som det tradisjonelt hadde vore mykje ørn.

Namnet illustrerer også noko vilt og spektakulært som trafikkantane vil oppleve, særleg om dei stansar i Ørnesvingen som er den øvste hårnålsvingen. Her er det tilrettelagt særskilt slik at ein verkeleg kan få nyte den storslåtte utsikta mot Geiranger, Geirangerfjorden, fossane Dei sju systrer og fjellgarden Knivsflå eller nyte synet av dei mange cruiseskipa på fjorden under.

Dette utsiktpunktet har blir oppgradert dei siste åra, og vart offisielt opna 21.juni 2006 med ei enkel markering som ein del av prosjektet ”Nasjonal Turistveg” i regi av Statens Vegvesen.

Ørnevegen har på det brattaste ei stigning på 10 %, og kan vere ei prøve for bilistar som ferdast her vinterstid. Men bilbransjen har m.a. brukt denne vegen som testveg for å betre bilane sin framkomelegheit på vinterføre. Lengste tillatne køyretøylengde / vogntog er 15 meter.


Kontaktinformasjon

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
Skateflukaia
N-6002 Ålesund
Tel.: 70 16 34 30 • info@visitalesund.com

Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen
N-6216 Geiranger
Tel.: 70 26 30 99
info@visitgeirangerfjord.com