Annonser

Skriv utSkriv ut

Herdalssetra


GPS koordinater
Breddegrad: 62.188096324
Lengdegrad: 7.3400688171
Fasiliteter

Aktiviteter

Fiskemuligheter, Turstier


Klassifisering

Norsk Økoturisme


Kontakt
Adresse:
6214 Norddal

Telefon70 25 92 29
Telefon97 01 20 35
Faks70 25 91 57
E-postsetra@herdalssetra.no
Webwww.herdalssetra.no


Beskrivelse
Den vakre Herdalen med Herdalssetraligg 500 m.o.h opp frå bygda Norddal og innanfor UNESCOs verdsarvområde.

Køyreturen opp etter bomveg (10 km) er bratt og fascinerande med fleire fossefall til ein når Herdalsvatnet, som strekkjer seg om lag 2 km innetter dalen.

Naustrekkja ved vatnet byr på informasjon om natur og kultur i det verna landskapet, der ei enkel utstilling i eitt av nausta har særleg fokus på ferdsel og utmarksnæring i tidlegare tider.

Vegen går langs vatnet, og i enden breier grassletter seg utover den vide dalbotnen. I enden av desse slettene ligg den unike Herdalssetra, som dannar ei tett klyngje med over 30 gamle seterhus. I tillegg finst fleire hustufter etter tidlegare gards- og seterdrift.

Dette er ei av dei største fellessetrene for geit her til lands, og her har det vore ein ubroten setertradisjon i over 300 år. Her kan ein få smaksprøvar av geitosten og geitmjølk-karamellen som blir laga på gamlemåten. Å rusle mellom dei gamle bygningane, drage inn frisk fjelluft og angen frå beitande dyr gir ro i sinnet.

Bak setra ruver fjellet Hereggja (1557 m.o.h.) steilt til vers, og landskapet inviterer til fjell- og fisketurar. Det er høve til å overnatte i seterhusa, kjøpe fiskekort og leige båt på vatnet. Setra har også sin eigen, enkle seterkafé med servering av rømmegraut og spekemat gjennom sommaren.

Priser

Periode

Type

Pris fra

Kommentar

01.01.2010 - 31.12.2010BilBompenger50,00Vinterstengt
01.01.2010 - 31.12.2010BussBompenger400,00Vinterstengt
Relaterte produkter
Copyright © Svein Ove Døving

Norddal

Fiske i Herdalen

Fiske i Herdalsvatnet, Nøre-Herdalen, Vassdalen, Grjøtdalsvatnet, Kallskarvatnet og innlaupselvane til Herdalsvatnet. Ein kan også fiske i Herdøla, ned til Dampfossen på begge sider av elva, derifrå og til Engeset berre på bilvegsida. På Herdalssetra får...
Adresse: 6214 Norddal
Telefon: +47 70 25 77 67


Kontaktinformasjon

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
Skateflukaia
N-6002 Ålesund
Tel.: 70 16 34 30 • info@visitalesund.com

Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen
N-6216 Geiranger
Tel.: 70 26 30 99
info@visitgeirangerfjord.com