Annonser

Skriv utSkriv ut

Trollstigen - Trollstigvegen


GPS koordinater
Breddegrad: 62.457359805
Lengdegrad: 7.6703453063
Kontakt
Adresse:
6210 Valldal

Telefon70 25 77 67
Faks70 25 70 44
E-postinfo@visitgeirangerfjord.com


Beskrivelse

Trollstigen er eit imponerande veganlegg der vegen slyngjer seg i 11 hårnålsvingar langs bratte fjellsider. Kvar sving har sitt eige namn, gjerne kalla opp att etter arbeidsformannen på det anleggslaget som bygde svingen. Svingane vitnar om dyktig handverk. Dei er mura opp av naturstein på steile fjellsider eller hogde inn i fjellet. Vegen er smal og har ei stigning på 9%, men det lagt til rette med møteplassar slik at trafikken normalt flyt fint. Lengste tillatne lengde på køyretøy er 13,1 meter. Trollstigen er både fascinerande og nervepirrande, og ein bør ikkje ha utprega høgdeskrekk for å ferdast her.

Vegen, som er vinterstengd, blir trafikkert av mellom 500 000 og 600 000 personar i tidsrommet frå juni til oktober/november (563 331 personar i 2006), og er såleis eitt av dei mest besøkte turistmåla i landet.
Det høgste punktet på vegen ligg 852 m.o.h. på kommunegrensa mellom Rauma og Norddal kommune. Frå nord er Trollstigen inngangsportalen til Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen sitt geografiske område.

Vegen vert normalt opna i måndsskiftet mai/juni og stengjer når snøen kjem, vanlegvis i månadsskiftet oktober/november.

Trollstigen med den karakteristiske fossen, Stigfossen, er omkransa av mektige fjell som strekkjer seg til vel 1600 m.o.h. I vest finn vi fjella Bispen (1462 m.o.h.), Kongen (1614 m.o.h) og Dronninga (1544 m.o.h.). I aust kneisar fjella Stigbottshornet (1583 m.o.h.) og Storgrovfjellet (1629 m.o.h.). Den gamle kløvstien er restaurert og er ein ynda og spennande vandresti for dei som vil oppleve Trollstigen til fots.

Historikk:
Vegen vart opna 31.juli 1936 av dåverande kong Haakon den VII, som samstundes gav vegen namnet Trollstigvegen (strekninga Øvstestølen – Bøsetra).
Valldalingane hadde ivra lenge for eit betre samband over fjellet, og endeleg kunne dei sleppe jubelen laus. I fleire hundre år (1533-1875) var ”handelsmessa” Romsdalsmarknaden (Mart`na´n) svært viktig for handel og samkvem i dette området, så tilgang over fjellet var ei viktig sak for bøndene som handla både på hestar og kyr.

Bøndene på begge sider av fjellet hadde lagt ned mykje arbeid i å byggje veg gratis, og i 1891 gjekk det kjerreveg /kløvsti til setrane som låg nærmast fjellet på begge sider.
I 1905 starta arbeidet med å få til ein rideveg over fjellet. Den stod ferdig i 1913, men berre med kløvsti på dei brattaste partia.
Men avdelingsingeniør Nils Hovdenak, som planla ridevegen, hadde større planar og pressa på for å få ridevegen/kløvstien utvida til køyreveg.
I eit brev datert 5.oktober 1916 gav Arbeidsdepartementet klarsignal til å setje i gang veganlegget Valldalen-Romsdalen. I første omgang starta arbeidet opp på valldalssida med å byggje nye bruer over elva Valldøla ved Gudbrandsjuvet (1919), ved Hoel (1921) og Krike (1926-27). På Romsdalssida kom arbeidet i gang i 1928, og 8 år etterpå kunne det imponerande veganlegget over fjellet opnast.


Kontaktinformasjon

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
Skateflukaia
N-6002 Ålesund
Tel.: 70 15 76 00 • info@visitalesund.com

Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen
N-6216 Geiranger
Tel.: 70 26 30 99
info@visitgeirangerfjord.com