Annonser

Skriv utSkriv ut

Patchellhytta


GPS koordinater
Breddegrad: 62.225076238
Lengdegrad: 6.7662048339
Fasiliteter

Annen overnatting

Turisthytte


Medlem i

Den Norske Turistforening


Utleie

Hytter


Kontakt
Adresse:
6200 Stranda

Telefon70 12 58 04
E-postinfo@aast.no
Webut.no/hytte/patchellhytta


Beskrivelse

Patchellhytta ligg like ved fjellfoten til Sunnmørsalpenes kanskje finaste topp, Slogen (1564 moh), vest i Habostaddalen mellom Øye og Stranda. Smørskredtind (1639 moh) ruvar rett over den gamle Patchellhytta som ligg ca. 100 m lenger sør.

Patchellhytta er eit populært dagsturmål i seg sjølv, men også ein perfekt raste- og overnattingsstad før ein topptur til Slogen, Brekketindane og Smørskredtind.

Patchellhytta vart påbygd i 2011. Hundene har nå fått eget rom med egen inngang. Hytta er sjølvbetent. Den gamle Patchellhytta er ei fullrestaurert steinbu med 5 køyer. Det var noregsvenen Charles Watson Patchell som fekk satt opp bua på 1920-talet. Patchell ferierte på Øye kvar sommar i ei årrekke, og klatra dei fleste av tindane i området. I 1964 vart den nye Patchellhytta bygd. Etter nokre år med manglende vedlikehald vart steinbua fullstendig restaurert på slutten av syttitallet, og siden har den vorte halde godt i hevd.

Tilkome:
Frå Stranda følgjer du riksveien mot Hellesylt. Etter ca. 4 km tek du av mot vest til Engeset, og køyrer så på bomveg videre opp Habostaddalen til Liasætra. Herifrå sti til hytta, drøyt 2,5 timar.

Alternativt kan du følgje sti frå Øye (Skylstad) ved Hjørundfjorden, som går bratt opp Skylstadbrekka til Habostaddalen, rekn ca 3 timar opp. Eller du kan følgje sti frå Brunstad i Velledalen gjennom Brunstadskaret, ca 4 timar og fra Urke opp Langseterdalen.

Relaterte produkter
Copyright © Ålesund-Sunnmøre Turistforening

Ålesund

Ålesund-Sunnmøre Turistforening

Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) inviterer til både dagsturer og lengre turer i sitt hytte- og rutenett i Sunnmørsalpene og Tafjordfjella. Sunnmørsalpene byr på spisse tinder med fjord og hav som bakgrunn, mens du i Tafjordfjella kan vandre i et...
Adresse: Kongensgate 17, 6002 Ålesund
Telefon: 70 12 58 04
E-post: info@aast.no

Ørsta

Standalhytta

Standalhytta (396 moh) ligger på Standalseidet i Ørsta kommune, like ved Kolåstind og Sætretindane i Sunnmørsalpene. Ålesund-Sunnmøre Turistforening disponerer et ubetjent anneks til hovedhytta (som eies av Aalesunds Skiklub). Annekset er låst med...
Adresse: 6150 Ørsta
Telefon: 70 12 58 04
E-post: info@aast.no

Copyright © Åsmund Steen

Ørsta

Tyssenaustet

Tyssenaustet (660 moh) er et gammelt naust på nordvestsida av Tyssevatnet ved Bjørke i Hjørundfjorden. Det disponeres av Ålesund-Sunnmøre Turistforening som ei ubetjent hytte med 6 senger. To av sengene er ekstra brede, så opptil 8 personer kan fint...
Adresse: Bjørke, 6190 Bjørke
Telefon: 70 12 58 04
E-post: info@aast.no


Kontaktinformasjon

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
Skateflukaia
N-6002 Ålesund
Tel.: 70 15 76 00 • info@visitalesund.com

Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen
N-6216 Geiranger
Tel.: 70 26 30 99
info@visitgeirangerfjord.com