Annonser

Skriv utSkriv ut

Utstilling på Runde Miljøsenter: Rundeskatten, fuglefjell og "Havets sølv"


Fasiliteter

Museum, Gallerier og kunsthåndtverk

Utstilling


Sesong

Åpent etter avtale


Kontakt
Adresse:
Runde Miljøsenter AS, Rundavegen 237
6096 Runde

Telefon70 08 08 00
Faks70 08 08 01
E-postbooking@rundecentre.no
Webwww.rundecentre.no


Beskrivelse

Runde Miljøsenter si utstilling held open dagleg i sommarsesongen og under annonserte arrangement gjennom året. Ellers er ho open for grupper (min. 20 personar) på førespurnad, både med og utan guide. Eit besøk i utstillinga kan og kombinerast med føredrag om ulike tema som senteret har kompetanse på.

Fugleutstillinga:

I andre etasje av senteret ligg ei utstilling som viser samspelet i naturen, mellom fugl, fisk og havstraumar. Utstillinga er designa og skreddarsydd for publikum på Runde Miljøsenter, og inkluderer også eit kunstig fuglefjell. I tillegg til fuglane, får ein sjå oter, steinkobb og skjelettet av ein arrdelfin som dreiv i land på Runde våren 2013.


Rundeskatten:


Senteret har bygd opp eit informasjons- og opplevingssenter. Her er myntar og andre gjenstandar frå Rundeskatten viktige element, i tillegg til modellen av Akerendam som Robert Pareliussen har bygd for miljøsenteret.

Skatten er eit av dei største myntfunna i Europa, og består av om lag 57 000 sølv- og gullmyntar. (6624 gullmyntar). Det vart funne over 400 ulike sortar mynt. Finnarane fekk 75 prosent, den norske stat fekk 15 prosent, og den nederlandske stat fekk 10 prosent. Den norske staten sin andel av myntane vart fordelt mellom Myntkabinettet i Oslo og Bergen Sjøfartsmuseum.

Rundeskatten er det største myntfunnet som har vore gjort i Noreg. I nærare 40 år vart dette kulturhistoriske materialet, og ein stor del av myntane fra Rundefunnet, oppbevart ved Bergen Sjøfartsmuseum. 6. januar 2011 kom skatten tilbake til Runde! I utstillinga får ein sjå både myntar og andre interessante delar av funnet

Historia:

19. januar 1725 la Akerendam ut fra øya Texel i Nederland i følge med to søsterskip. Lasten var mellom anna 19 pengekister med gull- og sølvmyntar, og målet var Batavia i Indonesia. Grunna fara for piratangrep i den engelske kanal går konvoien nord for England, og under en storm i Nordsjøen kjem Akerendam bort fra følget og forliser på nordspissen av Runde. Akerendam tilhøyrde det nederlandske selskapet Vereinigte Oostindische Compagnie, som dreiv utstrakt handelsvirksomhet med fjerne austen. Fra Austen kom båtane tilbake med krydder og andre ettertrakta varer som så vart selde vidare i hele Europa. Akerendam vart bygd i 1724, var 145 fot lang, og hadde 200 manns besetning.

Om morgenen 8. mars 1725 ser bebuare på garden Goksøyr på Runde at stormen har skylt i land vrakgods på stranda. Tilfeldigvis skal det haldast ting i nærleiken, og amtmann Erik Must får raskt beskjed om funn av vrakgods. Han sender sine representanter til Runde for å føreta undersøkingar. Dei næraste dagane og vekene vert det gjort funn av både omkomne og vrakgods i eit stort område. 19. mars vert det etter lov og praksis på den tida heldt offentleg auksjon over noko av vrakgodset, bl.a tønnestavar, seglduk, jernband og eitt eller flere 50-liters fat med fransk vin. Alle dei om lag 200 menneskene som var ombord i Akerendam mistet livet i forliset.

Skatten vart oppdaget 6. juli 1972 av dei tre sportsdykkerne Bengt-Olof Gustafsson, Stefan Persson og Eystein Krohn-Dale. Dei tre sportsdykkarane fann nærare 57 000 mynter, der 6624 var gullmynter og resten sølv. Året etter vart stedet undersøkt av Bergen Sjøfartsmuseum. Over 400 ulike mynttyper vart funne.

Havets sølv:

Billetten til utstillinga inkluderer også visning av den spektakulære dokumentarfilmen Havets sølv som på fengande vis tek sjåaren med på ei reise ned i havet utanfor senteret, såvel som opp i fuglefjellet. Filmen fasinerer alle aldersgrupper.

Priser

Periode

Type

Pris fra

Kommentar

- EntreBarn 3-15 år35,00
- EntreVoksne (fra 16 år)85,00
- EntreFamiliebillett200,00
- EntreHonnør/student55,00
- EntreGrupper55,00>15 p.
Tider
15.06.2015 - 15.08.2015Mandag - Søndag11:00-17:00
Relaterte produkter

Herøy

Overnatting på Runde Miljøsenter

Runde Miljøsenter har leilegheiter og rom for overnatting. Leilegheitene er moderne og inneheld fullt utstyrt kjøken, baderom med dusj, eit tomannsrom, eit enkeltrom, og dobbel sovesofa på stova. Ein kan sjølv velje om ein vil leige ei heil leilegheit,...
Adresse: Runde Miljøsenter AS, Rundavegen 237, 6096 Runde
Telefon: 70 08 08 00
E-post: post@rundecentre.no

Copyright © Knut Werner Alsén

Herøy

Runde Miljøsenter: Forskningsstasjon, besøkssenter og kurs-/konferansesenter

Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Senteret ligg på øya med det sørlegaste fuglefjellet i Noreg, og er velegna for alle som ynskjer middagar, kurs,...
Adresse: Runde Miljøsenter AS, Rundavegen 237, 6096 Runde
Telefon: 70 08 08 00
E-post: post@rundecentre.no


Kontaktinformasjon

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
Skateflukaia
N-6002 Ålesund
Tel.: 70 16 34 30 • info@visitalesund.com

Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen
N-6216 Geiranger
Tel.: 70 26 30 99
info@visitgeirangerfjord.com