På Runde i Herøy kommune finn ein det sørlegaste fuglefjellet i Noreg. Store mengder sjøfugl hekkar i fuglefjellet på vestsida av øya, og her finn ein fuglar frå april til september. Høgsesongen er mai og juni.
Det er ei spektakulær og interessant oppleving å sjå fuglelivet på nært hald. For å kome seg til fuglefjellet kan ein anten gå til fots eller ta ein av dei guida båtturane som dagleg går rundt øya. Dette er to ulike måtar å oppleve fuglelivet på, og det kan vere vel verdt å få med seg både ein fjelltur og ein båttur.
Runde har mange gode overnattingsplassar. Ein finn mellom anna Goksøyr Camping, Runde Miljøsenter og Christineborg Gjestehus her. I tillegg finn ein DNT-hytta Runde fyr og fleire private aktørar som leiger ut hus og hytter. Ein finn også to kafear og eit museum på øya.
Også elles i Herøy kommune finn ein mange gode naturstiar, overnattingsstadar og fiskemoglegheiter. I kommunesenteret Fosnavåg finn ein det ein treng av butikkar og restaurantar. Her finn ein også det populære badelandet Herøy fritidsbad. Du må gjerne sjekke ut facebook-sida vår eller kome innom kontoret vårt for meir informasjon om Runde og områda ikring. Velkomen!