Trollsafari ved inngangen til Reinheimen Nasjonalpark er ein ny og familievennleg oppleving som kombinerer flotte naturopplevingar og spennande møte med norske troll. Trolla har budd i fjellheimen rundt Trollstigen i mange tusen år, og dei er ikkje alltid like lett å få auge på.
Det er alltid med guide på trollsafarien, og vi tilrettelegg for god informasjon både om nasjonalparken og trolla som bur her.
Turen startar ved informasjonstavlene på Slettvikane, ca 10 km frå Trollstigen kafe mot Valldal. Det vert sett opp skilt ved vegen 30 minutt før starttidspunkt for turen.
Vi oppmodar om å ha gode klede og sko etter vertilhøve.
Turen tek mellom 1 og 1,5 timar.