Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er Noregs einaste naturarvområde på den prestisjetunge lista over verdas kultur- og naturarv. Naturområda vart innskriven 14. juli 2005 og femnar nokre av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane i verda!
Verdsarvområdet består av to delområde; Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med omland. Totalt utgjer områda 1227 km2, der 107 km2 er sjøareal. Av mange er desse fjordane rekna som sjølve symbolet på Noreg, det fremste fjordlandet i verda. Dette er kanskje årsaka til at det norske ordet "fjord" er del av det internasjonale språket.
Fjordar er mellom dei mest dramatiske og spektakulære landskapa på kloden. Innan naturvitskapen vert Geirangerfjorden og Nærøyfjorden rekna som klassiske døme på denne typen landskap. Området er prega av ein mangfaldig naturrikdom, med store høgdeskilnader og kort veg mellom sjø og høgfjell. Dei naturlege geologiske prosessane knytt til danning og utvikling av fjordar er ikkje påverka av menneske eller tekniske inngrep. I verdsarvområdet er du ein gjest i naturen, ver difor varsam når du ferdast i vår verdsarvnatur!
Kva er verdsarv?
World Heritage List, eller Verdsarvlista, vart etablert i 1972 av UNESCO. The United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization (UNESCO) er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Organisasjonen sitt mandat er å bidra til fred og sikkerheit ved å fremje samarbeid mellom nasjonar innan nemnde felt.
Verdsarvlista har som mål å verne om verdas kultur og naturarv. Av alle internasjonale miljøvernavtaler er Verdsarvkonvensjonen ein av dei med størst utbreiing i verda. World Heritage List eller Verdsarvlista er ei oversikt over verdsarvobjekt (kultur- og naturområde) i medlemslanda.
Kriterium
For å bli innskrive på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarv, må området dokumentere natur- og/eller kulturfaglege verdiar av eineståande og universell karakter. Vidare må søkjarlandet syne at verdiane vil bli tatt vare på i eit langsiktig perspektiv. Natur- og kulturarven kan vere naturskapt, skapt av menneske eller av menneske og natur i fellesskap.
Geologi og landform
Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er to vakre og særprega fjordområde, på kvar si side av den mektige Jostedalsbreen, den største isbreen på fastlandet i Europa. I verdsarvområdet finn ein spor etter ei landskapsutvikling frå siste istid og fram til i dag. Området er prega av djupe U-dalar med særs bratte dalsider, grave ut av isen på veg mot havet for meir enn 10 000 år sidan.
Ein gong var Vestlandet eit slettelandskap som var dekt av den store innlandsbreen. I løpet av kring 40 istider, dei siste 2,5 millionar åra har brearmar frå denne breen grave seg ned i det gamle slettelandet og forma det fleirgreina fjordlandskapet vi kjenner i dag.
Flora og fauna
Dei korte avstandane mellom fjord og høgfjell, i tillegg til stadvis særs gunstige lokalklimatiske tilhøve gjer at fjellblomar kan vekse side om side med artar ein forbind med sørlegare breiddegradar. Mangfaldet av planteartar er stort og variert i det brattlende fjordlandskapet.
Dyreliv
Verdsarvområdet har eit rikt og variert dyreliv både av pattedyr, fuglar, fiskar og insekt. Her finn du artar som villrein, fjellrev, gaupe, oter, lemen og nise, som Noreg har eit spesielt ansvar for. Fuglelivet femnar alt frå sjø- og vadefuglar kring fjordane til skogsfugl i dalsidene og til sist artar som er typiske for norske høgfjellsområde.
Kulturlandskap
Spor i landskapet syner at fjordområda har vore nytta av menneske heilt sidan isen trekte seg attende for 10 000 år sidan. Langs etter fjordane og oppe på berghyllene ligg eit titals små fjordgardar, dei fleste fråflytta i dag. Busetjinga syner eit nøysamt jordbruk tilpassa ein farefull, men samstundes rik natur.
Geirangerfjorden - det vakraste fjordlandskapet i verda?
Kjernen i det nordlege delområdet utgjer fjordarmane Tafjorden, Sunnylvsfjorden og den slyngande Geirangerfjorden. Her har samspelet mellom is, berggrunn og fossande vatn forma eit fjordlandskap med unike og verdskjende kvalitetar. I dei bratte fjordsidene, på rassikre hyller ligg ei rekkje gamle, små gardar av stor kulturhistorisk verdi. Samspelet mellom natur og kultur gir området særpreg og store opplevingskvalitetar.
I dei alpine fjellområda som skil fjordane ligg frodige seterdalar, der Herdalssetra er den vakraste og mest særprega i nordområdet. Setra har vore i kontinuerlig drift i fleire hundre år og har i dag stor aktivitet knytt til besøkande. I området finn ein Kallskaret naturreservat, der bergartsvekslingane mellom eklogitt, olivin, kleberstein og asbest har vore avgjerande for utforminga av eit vakkert og særprega landskap.
Linkar:
Stiftinga Geiranger Verdsarv
National Geographic
UNESCO-verdsarven