Bruktbutikken på Sjøholt er stor og innhaldsrik, kanskje ein av dei største i vår region. Her kan du finne det meste utanom klede. Det er god parkeringsplass og leikekroken for barn er også eit populært tilbod. Bruktbutikken blir drive av frivillige og gir inntekter til kyrkja sitt arbeid. Velkomen til ei spanande skattejakt både for små og store!